Lokalnytt

God julehandel på Hellesylt.

Ved Coop Marked var mange jenter frå damelaget til Sunnylven i gong med vareteljing. Frå v. Ingvild Guro Hole, Ivrine Tryggestad, Anne Lise Lødøen Helset, Linn Helene Brekke, Birthe Lødøen Helset, May-Helene Hole og Ingelin Storstein Hole.

Julehandelen på Hellesylt har vore god med ein liten auke ved alle forretningane i høve til i fjor.

Oddbjørn Tryggestad ved Coop Marked, Hellesylt fortel om ein litt treg start på julehandelen fyrst i desember. Framover mot jul tok den seg imidlertid godt opp, så totalt vart salet betre enn same månad i fjor, seier han.
Coop Marked sel lite gåveartiklar, det går mest i mat og andre hushaldningsvarer. I 2008 vart butikken på Hellesylt rusta opp for rundt 2.5 mill. kroner.

Også Spar Ringdal & Co har hatt god julehandel i år. Også der viser tala god auke i omsetninga i høve til i fjor, fortel Svein Sporstøl. Butikken sel berre kolonialvarer. Også ved Spar Ringdal & Co vart butikken bygd om og fornya for eit betydeleg beløp i fjor.

Heidi Hauge ved Søm Service / Gavebuda fortel også om ein julehandel som forventa, at mange var innom for å handle gåveartiklar og pyntegjenstandar til jul. Gåvebuda har sal på ein del varer med opptil 50 % avslag. Salet varer ut januar månad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380