
I fjor sommar tråla Audun Brekke Fjeldheim Stranda kommune i jakta på kjende og ukjende setrestølar. UMB-studenten (universitet for miljø og biovitenskap) samla stoff til mastergradsoppgåva si som han skal levere i mai i år.
Mange setrar er ikkje utnytta i dag og er i forfall, ei utvikling som er lite heldig.
Næringssjef Inge Bjørdal sa at sætrane er med i den kommunale delplanen litt tilfeldig. Mange av dei har potensiale til å bli ei tilleggsnæring til den vanlege gardsdrifta gjennom tilbod innan turisme, med servering av lokal mat og framvising av flora og fauna.
Setrane er ein viktig del av kulturlandskapet vårt som vi må ta vare på, sa næringssjef Inge Bjørdal.
Rundt 30 personar møtte fram på Hægstad Gård der Audun Brekke Fjeldheim orienterte om arbeidet han har gjort med registrering av sætrestølar i Stranda kommune. Han starta arbeidet i fjor sommar og har no registrert alle setrar i heile Stranda kommune.
Seterlivet hadde ei kulturell rolle som samlingsplass og møtestad. No er dette stort sett slutt på og kulturlandskapet på desse stadane held på å gå tilbake til naturlandskap. Stranda kommune har ei storslagen natur der seterkulture er ein del av opplevingane. Dette bør ein take vare på og ikkje la det gro igjen, men heller utnytte. Difor er det viktig å ha ein plan korleis dette kan løysast og utviklast, sa Audun Brekke Fjeldheim mellom anna.
Fjeldheim var interessert i synspunkt frå forsamlinga på nokre konkrete spørsmål.
• Kva vil de fortelje om setra til ein utanfrå.
• Kva type aktivitet og tilbod er det realistisk å få til på setra, og kva ønskje det er av slike ting.
• Kva må til av organisering og samarbeid for å få det til.
Mange såg ein fåre i attgroing av stølsområda om beitedyra kom vekk, dei gode kulturlandskapspleiarane.
Til å skape ei næring av seterdrifta kom det fram mange gode og kreative idear på møtet. Ein kombinasjon av husdyr, servering av lokale matrettar, fiske og opplevingsturar for turistar og andre reisande var mellom forslaga.
Eit restriktivt lovverk for restaurering av stølsbygningar var ei hindring, både for å ivareta tradisjonar og utvikle ei attåtnæring. Stølshus som var ramla ned kunne ikkje byggast opp på nytt utan vidare etter dagens reglar, vart det opplyst.
Audun Brekke Fjeldheim med slektsrøter frå Brekke i Sunnylvsbygda, har 15. mai som innleveringsfrist på mastergradsoppgåve si om setrestølar i Stranda kommune. Han håpa å kunne kome tilbake til Hellesylt å presentere det ferdige resultatet seinare.

