Kan bli anleggstart i juni
Siv. ing. Sven Aune jobbar med teikningar og anbudsbeskrivelser for omlegging til kunstgras med lys og undervarme på Hellesylt stadion. Anleggstarten er ikkje bestemt, seier kommuneingeniør Cato Andersen.
På desembermøtet 2007 vedtok Stranda kommunestyre å støtte søknaden frå Sunnylven IL om ombygging av Hellesylt stadion, både med tilskot og forskottering av spelemiddlar. Kommunen skulle stå som utbyggar, men fram til januar 2009 har lite skjedd.
No kan kommuneingeniør Cato Andersen opplyse at siv.ing. Sven Aune som jobbar for NFF anleggskomite klargjere teikningar og anbudsbeskrivelse til utlysing. Truleg blir desse klare i løpet av februar.
Anleggstida frå start til slutt er omlag to månader, seier Andersen.
-Kva tid det blir anleggstart er usikkert. På eit møte med idrettslaget før jul fekk vi signal om at Hellesylt stadion måtte vere speleklar til sommardagane på Hellesylt 11. juli, då det brukte vere nabooppgjør i fotball. Vi berekna å starte arbeidet etter den dato.
No viser terminlista at det ikkje blir seriekamp den helga likevel, og dermed kan 5. juni vere aktuell dato for oppstart. Vi må prøve å unngå at mange seriekampar må flyttast. Sommarver og varme passar også godt for firma som skal legge kunstgraset -, seier Cato Andersen.