Lokalnytt

Køyrde på med pizza

Sjåførlærar Oddvar Tryggestad t.v. spanderte pizza og brus til alle på junior- og damelaget. Ramazan Øcal hjelpte med serveringa.
Sjåførlærar Oddvar Tryggestad t.v. spanderte pizza og brus til alle på junior- og damelaget. Ramazan Øcal hjelpte med serveringa.

Tryggestad Trafikkskole blir hovedsponsor for juniorlaget og damelaget til Sunnylven i 2009. Fredag var spelarar og leiarar invitert på pizzafest, betalt av Tryggestad Trafikkskole.


Oddvar Tryggestad har vore sjåførlærar i 35 år, dei siste 15 som sjølvstendig i yrket.
Sjølv om han har tilhald i Spjelkavik, er tankane ofte i heimbygda Sunnylven. -Eg blir nesten sjuk om eg ikkje kjem meg innover til Hellesylt ei helg-, røpar han. På Tryggestad har han eigen fritidsbustad og der likar han seg godt.

Over 30 unge fotballspelarar frå junior og damelaget var samla på Øcal Pizzarestaurant fredag kveld. Tahir Øcal ”svinga” opp med pizza så fort han kunne, for her gjekk det unna av Øcal spesial og kebabpizza, sjølvsagt dei største han kunne produsere.
Beskjeden frå sjåførlærar Oddvar Tryggestad var klar; -Bak i veg og server så mykje dei vil ha, eg betalar-.

-Ungdomen på Hellesylt er kundar hos meg og dei er mine sponsorar. Dei fortel til ungdom i dei andre nabobygdene kvar dei har køyreopplæring og på den måten genererer dei elevar til meg frå både Stranda, Valldal og Stordal. Difor har eg lyst å gje litt tilbake, men også støtte det gode arbeidet som fotballgruppa gjer i heimbygda-, seier Oddvar Tryggestad, sjåførlæraren som anslår at han har lært opp 4500 sjåførar gjennom yrkeskariera.

Leiar i Sunnylven Fotball, Steinar Hjelle synest invitasjonen og Tryggestad sin pizzakveld var flott.
-Å ha gode sponsorar er svært viktig om fotballgruppa skal lukkast med sin aktivitet. Når vi i tillegg til kontantbeløp blir påspandert servering der alle på juniorlaget og damelaget kan forsyne seg så mykje dei orkar, må vi berre takke så mykje.
Å kome saman slik er også svæt viktig, det skaper eit samhald i laget som er nyttig å ha med når ein kjem på fotballbana-, seier Steinar Hjelle.

Spelarar på juniorlaget
Spelarar på juniorlaget
Spelarar på juniorlaget
Spelarar på juniorlaget
Ein del spelarar på damelaget.
Ein del spelarar på damelaget.
Tahir Øcal jobba både høgt og lavt med å lage pizza,
Tahir Øcal jobba både høgt og lavt med å lage pizza,

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380