14. april 2026

Nytt forslag til djupvasskai presentert

Frå synfaringa i høve djupvasskai på Hellesylt. (Foto: Arne Inge Tryggestad)
Frå synfaringa i høve djupvasskai på Hellesylt. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Eit nytt forslag til plassering av djupvasskai på Hellesylt vart godt motteke under synfaring torsdag i denne veka.


Skissa til nytt kaiforslag, som er utarbeidd av Hellesylt Næringslag/Hellesylt Vekst a/s i samråd med Hamnevesenet, losar og Kystverket, går ut på å dreie sjølve kaia meir i same retning som fjorde. Forslaget vart godt motteke under synfaring torsdag med representantar frå departementet, fylke, kommune og lokalt næringsliv til stades.

Forslaget kan du sjå her

Byggeforbudet langs Storfjorden blir oppheva frå 1. juli. Innan den tid vil Stranda kommune gjere dei nødvendige vedtak slik at bygging av djupvasskai etter det nye forslaget kan starte opp på Hellesylt i august 2009. Då startar etter planen også påhogg på ny tunnel på riksveg 60 Ljøvegen, og ein rekna med å kunne nytte masse der i frå til utfylling, vart opplyst på eit orienteringsmøte på Hægstad Gård torsdag kveld.
Adm.dir. Terje Devold i 62 NORD sa at selskapet håpa å kunne starte riving av den nyaste delen av meieriet og få «levere» også det som fyllmasse til djupvasskaia.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →