Lokalnytt

På tur til Alexandra Hotell

Alexandra Hotell har symjebasseng både ute og inne. Her har både kormedlemer og foreldre stupt i bassenget ute. (Foto: Arne Inge Tryggestad)
Alexandra Hotell har symjebasseng både ute og inne. Her har både kormedlemer og foreldre stupt i bassenget ute. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Etter ein liten juleferie, er barne-og ungdomskora på Hellesylt klare for nye songøvingar. Sist helg var dei fleste med på fyrste samling, til Alexandra Hotell med god servering og bading i symjebasseng.


Med kormedlemer, foreldre og sysken var dei heile 60 personar, fortel Hilde Langlo Brekke, styreleiar for Ariel og Joyful.
-Turen var eit gamalt løfte til kora fordi dei var så flinke, både til sommarkonserten og elles ved fleire opptreden. Men på Hellesylt er det mest uråd å finne ledige helgar, så turen til Loen drog ut i tid meir enn vi hadde tenkt. Også sist helg kolliderte det med idrettsarrangement, så vi bur i alle fall i ei bygd med mykje aktivitet-, seier Hilde Langlo Brekke som trur alle hadde ein fin dag til Loen.

Høgdepunkt
Fram for eit nytt songår har dei to kora sine faste ”gamle” leiarar. Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim og Elisabeth Runde øver med Joyful, og Anita Langeland og Hilde Langlo Brekke med Ariel når kora øver kvar for seg.
Mange songoppdrag ventar, ikkje minst blir kyrkjekonserten saman med Hanne Krogh under sommardagane eit høgdepunkt.

Turen til Loen var ei lita påskjønning til dei unge korsongarane for den flotte kyrkjekonserten under sommardagane.
Turen til Loen var ei lita påskjønning til dei unge korsongarane for den flotte kyrkjekonserten under sommardagane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380