Ser på bruk av setrestølar

På Ringdalsstølen i Moldskreddalen er ein fellesfjøs for geit og mange private hytter.

På Ringdalsstølen i Moldskreddalen er ein fellesfjøs for geit og mange private hytter

Stranda kommune har merka auka press på arealbruk i stølsområder. Å utvikle setrar, både i næringsmessig samanheng og som kulturlandskap blir tema på bygdeutviklingsmøte 30. januar.

Det er næringssjef i Stranda Inge Bjørdal som dreg i gong det fyrste temamøtet i vinter og vår der kveldsorden er ”Setrane i Stranda”.

-Kommunen har merka seg at arealforvaltninga møter problem som vi ikkje har gjort før. Mellom anna er der stadig fleire som ynskjer å etablere ny bebyggelse i stølsområder.
Stølane er behandla i kommuneplanen, og når det kjem ny kartlegging av desse områda, er tanken å få sett dei inn i ein næringsmessig samanheng.-
Det seier næringssjef Inge Bjørdal som skal innleie om bakgrunnen og målsetjinga med prosjektet under eit nytt møte kring bygdeutvikling.
Møtet blir halde på Peer Gynt Galleriet og er ope for alle.
Til stades der blir også mastergradsstudent ved universitet for miljø og biovitenskap, (tidlegare landbrukshøgskulen) Audun Brekke Fjeldheim.
Fjeldheim med slektsrøter frå Sunnylven har kartlagt dei fleste stølane i Stranda og gjort seg sine tankar omkring bruk av områda som han vil presentere.

Støtteordningar
Næringssjef Bjørdal håper det kjem både innspel og diskusjon på møtet om korleis ein kan ta vare på og samstundes utnytte setrane i ein økonomisk samanheng. Han vil også orientere om kva reglar som finst for støtte til setrestølar.

På Djupgjølet i Frøysadal er eit gamalt seterhus restaurert.

På Djupgjølet i Frøysadal er eit gamalt seterhus restaurert.

Nedstevasstølen ligg like ved Flofjellvegen der mange turistar går forbi om sommaren.

Nedstevasstølen ligg like ved Flofjellvegen der mange turistar går forbi om sommaren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380