Lokalnytt

Stor trafikk ved treningssenter

Spreke pensjonistar på trimsyklar. Frå v. Arne Tronstad, Astrid Langeland (deler ut sportsdrikk), Jan Erik Øksvang, Arnfinn Tryggestad, Oddmund Fivelstad, Roger Tryggestad.
Spreke pensjonistar på trimsyklar. Frå v. Arne Tronstad, Astrid Langeland (deler ut sportsdrikk), Jan Erik Øksvang, Arnfinn Tryggestad, Oddmund Fivelstad, Roger Tryggestad.

Treningssenteret som Sunnylven IL opna i oktober i fjor, er blitt godt motteke. Rundt 70 unge og eldre har skaffa seg adgang til treningslokala. -Vi har plass til enno fleire-, seier Hans Marius Ringdal.


Klokka var 11.00 sist onsdag og fleire pensjonistar var på plass i trimlokala på Hellesylt. Faste treffdagar var måndag, onsdag og fredag fekk vi oss fortalt. Då gjekk det i sykling og jogging på tredemølle så lenge ein orka. Her var det fint å vere tykte dei, for her kunne ein trimme uansett ver og temperatur ute.

Mange treningsapparat
Dei ljose og trivelege lokala i underetasjen til Trygg Trykk er fulle av all slag treningsutstyr. I tillegg til fem syklar og dei to møllene, er der diverse styrkeapparat, vekter og benkar, kort sagt alt for trening av bein og rygg, fortel Hans Marius Ringdal. Som senterleiar syter han for at alt er i orden og har planar klare for innkjøp av enno meir utstyr.

Plass til fleire
Han likar å trene sjølv og synest det er flott at det er kome eit treningssenter på Hellesylt. Dei 70 som har kjøpt kort til no er frå 16 år til langt over 80 år.
-Her er det plass til mange fleire. Med kort og eigen kode kan ein låse seg inn og bruke treningsenteret heile døgnet. Det er ikkje sett opp faste tider for damer eller herrer eller andre grupper. Dette har dei som brukar senteret ordna og tilpassa sjølve, seier Hans Marius Ringdal som gjerne tek mot nye påmeldingar.

Prisane for eitt år er:
Pensjonistar kr. 1200,-
SIL-medlemer kr. 1500,-
Studentar kr. 600,-

Oddmund Fivelstad i aksjon på tredemølla.
Oddmund Fivelstad i aksjon på tredemølla.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380