Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven sanitetslag

Frå loppemarknad under Sommardagane.
Frå loppemarknad under Sommardagane.

14 av laget sine 61 medlemer møtte fram då Sunnylven sanitetslag heldt årsmøte i peisestova på Kyrkjelydshuset nyleg. Vanlege årsmøtesaker stod på saklista.


Sunnylven sanitetslag har ikkje lukkast å finne leiar til styret dei siste åra, og heller ikkje denne gongen. Også antall styremedlemer vart etter kontakt med fylkesleiinga redusert frå seks til fem.
Dermed driv Sunnylven sanitetslag si verksemd som i fjor med ”flatt styre”.
Men laget driv godt. Frå ei fyldig årsmelding går det fram at det vart halde sju styremøter og alle tradisjonelle arrangement vart gjennomført.
Det vart halde pensjonistfest i januar, binding av fastelavnsris i februar, måltid med variert og sunn mat til barnehagen i mars og til skuleelevane i samband med juleverkstaden i desember.
To gonger har sanitetslaget skipa til laurdagskafe på samfunnshuset i året som gjekk, det vart arrangert tur saman med pensjonistlaget til Herøy og Fosnavåg, og sjølvsagt vart det halde loppemarknad under sommardagar på Hellesylt.
På omsorgssenteret hadde laget tilbod med minibutikk anna kvar tysdag vår og haust, og tradisjonelle adventsstunda før jul.
Årets basar vart halden i november, og gav rundt 30.000 i lagskassa.

Sunnylven sanitetslag har god økonomi. I 2008 gav laget 10.000,- til opprusting av kjøkken på Sunnylven samfunnshus, 10.000 til Sunnylven IL og ny trakkemaskin, og til faste fond nasjonalt.

Val på årsmøtet.
Styret:
Ruth Nygård Frøysa, Kari Hauso Stadheim, Gerd Helset, Elise Rørhuus-Øie, Solbjørg Alme (ny)
Varamedlem:
Ester Kjellstadli Langleite, Åse Tryggestad Lie, Hildur Vollset.
Valnemnd:
Ruth Hole Aaland, leiar, Ingebjørg Fivelstad, Anne Marie Ljøen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380