Lokalnytt

HUL-styret mangla leiar

Få frammøtte, men god stemning på årsmøtet i Hellesylt Ungdomslag.
Få frammøtte, men god stemning på årsmøtet i Hellesylt Ungdomslag.

Det var få frammøtte på årsmøtet til Hellesylt Ungdomslag. Årsmelding og rekneskap synte til eit godt arbeidsår for laget, men ny leiar i hovedstyret hadde ikkje valnemnda lukkast å finne.


Valnemnda hadde fått på plass alle tillitsvalde i Hellesylt Ungdomslag, unnateke leiar og varamedlem til hovedstyret. Marianne Fivelstad hadde sagt frå seg attval, sa formann i valnemnda Egil Røyrhus. Truleg må laget kalle inn til ekstra årsmøte seinare for å få hovedstyret komplett.

At medlemane vegrar seg for å ta leiarverv kan ikkje skuldast økonomien i laget. Hellesylt Ungdomslag hadde ein brutto omsetnad på 360.000 og eit overskot på 88.000 kroner i 2008. Då hadde laget mellom anna gjeve 35.000 i tilskot til den nye ungdomsklubben på Hellesylt, og vedlikehalde badehuset for godt 20.000 kroner.

Aktivt lag
Kanskje er aktivitetsplanen for komande år meir ”skremande”. Den fortel om stort engasjement året igjennom med grendakveld, svingkurs for vaksne, øvingar for leikarringen, fylkeskappleik siste helga i mars, årsmøte på Hellesylt i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag 21. mars, og arrangement i samband med 17. mai med underhaldning og dans.
Det blir jonsokfeiring og utfordringar under Hellesyltdagane 10.-12. juli, før haustlege aktivitetar set inn med barnestemne, sjokoladekappleik, og teater med dans 4. juledag.
Hellesylt Ungdomslag som kan feire 100 år i 2011, har 110 medlemer.

Freding av badehuset
I samband med kulturminneåret 2009 vil riksantikvaren frede badehuset. Marianne Fivelstad opplyste at styret har drøfta saka, men ikkje gjort vedtak. Det er avtala eit møte med folk frå riksantikvaren 17. eller 18. februar.
Årsmøtet gjorde heller ikkje vedtak i saka, men vil vente for å høyre kva restriksjonar som vil gjelde for freding. På møtet med riksantikvaren vil HUL ta opp spørsmålet om å få reist stupetårnet slik det var.

Val
Hovedstyret. Leiar: (manglar)
Styremedlemer: Ole Aasen, Hanna Kristine Aaland, Oddbjørg Stadheim.
Varamedlem: 1. (manglar) 2. Susanne Ringdal, 3. Margreta Helset Janssen.

Teaterstyret: Wenche Solli, John Arne Langeland, Per Kjell Leite, Anne Marie Sømoen Frøysa.

Barnelaget: Wenche Ringdal, Erna Hellebostad, Jorunn Trøen, Randi Sæter, Tove Anita Taraldset.

Badehusstyret: Geir Ringdal, Wenche Ringdal, Frode Nessan.

Revisor: Annvor Tryggestad

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380