11. april 2026

Kjellstad jaktlag vann skyte-cup

VINNARLAGET. Kjellstad jaktlag besto av Svenn Roger Alme, Rolf Matvik og Karl Johan Tronstad. Lengst til venstre leiar i skyttarlaget Bård Øye, og til høgre styremedlem og organisator av cupen Ivar Fivelstad.

Sunnylven skyttarlag sin bedriftscup i skyting vart avslutta med finale onsdag kveld. Kjellstad jaktlag heldt unna i leiinga og vann samanlagt.

Totalt deltok 13 lag i årets bedriftscup. Skytinga har vore fast konkurranse dei seks siste åra like etter nyttår og foregår på laget si miniatyrbane i klubbhuset på Hellesylt.
Laga består av tre skyttarar, og er samansett av både konkurranseskyttarar og jægerar.
Dei fleste laga har vore frå Sunnylven, mellom anna stilte Ole Ringdal a/s heile fem lag.
Torstein Tafjord, Leif Arne Fivelstad og Bård Øye på fyrste-laget kniva heilt i teten under heile cupen, men makta ikkje å ta igjen jægerlaget frå Kjellstad med Sven Roger Alme, Karl Johan Tronstad og Rolf Matvik.
Dei lever fårleg hjortane på Kjellstad til neste jaktsesong, meinte Rolf Matvik etter at triumfen var sikra med 97 på siste skyting.
Leiar i Sunnylven skyttarlag, Bård Øye var godt nøgd med deltakinga og imponert over god skyting. Kvar år under bedriftscupen dukkar det opp nye ”storskyttarar”, sa han før han delte ut pokal til dei fem beste laga og medaljer til kvar skyttar på dei tre beste.

Resultat.
Kjellstad jaktlag 2012
Ole Ringdal a/s 1. 2004
Solvegen Vel 1965
Nebbedalen jaktlag 1964
Habostaddalen jaktlag 1960
Skylstad jaktlag 1956
Ole Ringdal a/s 3. 1923
Ole Ringdal a/s 4. 1889
Ole Ringdal a/s 2. 1837
Ole Ringdal a/s 5. 1837
Brannvesenet 1739
Kommunalteknikk 1715
Stabburet 1328

Klargjer for finaleskyting. frå v. Stig Tryggestad, Skylstad jaktlag, Rolf Fivelstad, Solvegen Vel, Leif Arne Fivelstad, Ole Ringdal a/s 1., Rolf Matvik, Kjellstad jaktlag.
Klargjer for finaleskyting. frå v. Stig Tryggestad, Skylstad jaktlag, Rolf Fivelstad, Solvegen Vel, Leif Arne Fivelstad, Ole Ringdal a/s 1., Rolf Matvik, Kjellstad jaktlag.
Siger til Kjellstad jaktlag ser Rolf Matvik, Oddmund Fivelstad og Torstein Tafjord.
Siger til Kjellstad jaktlag ser Rolf Matvik, Oddmund Fivelstad og Torstein Tafjord.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →