13. juli 2026

Mange til kyrkje på såmannsøndag

Åtte elevar i 5 klasse fekk sine nytestamente. Frå v. Sanna Hole, Veronika Grov Øksvang, Johanne Tryggestad, Ingrid Julie Hole, Åsmund Nybø Vik, Gard Henrik Røyrhus Eliassen, Mathias Hole, Odin Dyrkorn. Bak sokneprest Svein Runde.

Familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje på såmannsøndag var godt besøkt. I tillegg til preike var det dåp, utdeling av nytestamente og song av gospelkoret.

Sokneprest Svein Runde som heldt preika, delte ut siste omsetjing av nytestamente til alle elevane i 5. klasse.
Både før og etter preika gleda ungdomskoret Joyful med vakker song, og der fleire solistar imponerte.

Koret Joyful med solistar og dirigent Oddbjørg Stadheim gleda med vakker song i kyrkja.
Koret Joyful med solistar og dirigent Oddbjørg Stadheim gleda med vakker song i kyrkja.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →