Lokalnytt

Nyskapingen

Kvilebenk, ved Nedstevatnet
Kvilebenk, ved Nedstevatnet

Gjennom form, farge og fantasi skal nye trivselsfremjande tiltak utformast for innbyggjarar og tilreisande i Stranda. Næringsavdelinga lyser no ut til premiert idekonkurranse med svarfrist 15. mai.

Kreative personar, unge og eldre blir invitert til er å kome med forslag til eitt eller fleire av dei tre prosjekta:
Prosjekt 1: Kvilebenk
Prosjekt 2: Jaktbu
Prosjekt 3: Gapahuk.
Beste utkast blir premiert med midlar frå HOPPID-fondet, og dei ferdige resultata er tenkt plassert rundt om i kommunen.

Under lenka Bygdemobilisering på hellesylt.no ligg reglar og informasjon som er sett opp for å kome med forslag, grunngjeving for tiltaket, bruken, krav til utforming og materialval, og merking.
Alle kan delta i konkurransen. Det er ikkje krav om prototyper, men det må fylje med teikningar som kan leggjast til grunn for produksjon, og gjerne ei liste som viser materialval, mengde og ei enkel kostnadskalkyle.
Vinnarane blir kåra under sommararrangement på Hellesylt, Stranda og Geiranger, og dei beste utkasta vil få ei påskjønning på kr. 5000,-

Jaktbu i Storsteinøyane, 2003.
Jaktbu i Storsteinøyane, 2003.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380