
Rundt og rundt og med fjørlette steg vart ein ny dans innøvd på Hellesylt søndag. Dansegruppa i Hellesylt Ungdomslag kosa seg på ”parketten” saman med innleigd instruktør.
Saman med nær 30 unge og litt eldre dansarar var Svein Are Vatnehol frå Ålesund på plass i Sunnylven samfunnshus for å lære dansetrinna i springdans frå nordre Sunnmøre.
Dette er ein bygdedans som har oppstått på Sunnmøre og som sunnmøringane eig, sa Vatnehol. Sjølv har han lært dansen av foreldra sine, ein dans som er unik for vårt område. Ein spesiell springdans, men flott både å danse og sjå blir dansa.
Kjekt på Hellesylt
Dansetrinn og rørsle hos instruktøren var overbevisande, men også elevane i dansegruppa til HUL hadde tydeleg lært mykje denne dagen.
Det er kjempekjekt å kome til Hellesylt og instruere i dans, sa Svein Are Vatnehol som var i bygda også i fjor med kurs i parhalling. Og konkurransedansaren med fleire topplasseringar, og som også har kursa amerikanarar i Carlifornia, tek gjerne turen til Hellesylt fleire gonger om leiinga ynskjer det, røpa han.
Kjempestor oppslutning
Det har ikkje laget si eldsjel for leik og dans, Astrid R. Ringdal noko i mot. Ho tykte det hadde vore ein lærerik kursdag og med ei oppslutning om danseøvingane som er blitt rekordstor. Større enn nokon gong, kunne ho fortelje, sjølv om det på Hellesylt skjer så mykje at det stadig er kollisjon med andre arrangement.
Kurset i parhalling var for å lære noko nytt, men dansegruppa vil heilt sikkert vise fram sine nye dansetrinn ved arrangement seinare.

