Lokalnytt

Sunnylven pensjonistlaget auka medlemstalet

Styret i Sunnylven pensjonistlag, frå v. Hildur Vollset, Reidun Tryggestad, Knut J. Tryggestad, Åge Gjørvad, Per Langeland, Oddmund Fivelstad.
Styret i Sunnylven pensjonistlag, frå v. Hildur Vollset, Reidun Tryggestad, Knut J. Tryggestad, Åge Gjørvad, Per Langeland, Oddmund Fivelstad.09

Sunnylven pensjonistlag er aktiv som aldri før. Medlemstalet aukar, og no planlegg styret mange og varierte trivselstiltak til våren og sommaren.

Sunnylven pensjonistlag har halde årsmøte med mange til stades. Heile styret fekk fornya tillit med Knut J. Tryggestad som formann på andre året.
I 2008 hadde laget ei vervingskampanje for å auke tilslutnaden. Det resulterte i 26 nye til totalt 77 medlemer.
10. mars er årets innsamling i høve kreftaksjonen. Pengane går til forskning på kreft mellom dei eldre. Då kjem styret og nokre av medlemane rundt, og Knut J. Tryggestad håper alle blir tekne vel i mot og at innsamlinga gjev eit godt resultat.
Formannen fortel også at til våren planlegg pensjonistlaget ein ny såkalla ”trilletur” saman med pensjonærar frå omsorgsenteret. Opplegget i fjor der alle som ville fekk seg tur gjennom Hellesylt sentrum til sosialt samvær på kyrkjelydshuset, var populært.
Og i mai/juni blir det tre fire dagers busstur for dei som melder seg på, truleg ned over Vestlandet. Påmelding blir kunngjort seinare.

Val på årsmøtet.
Styret:
Knut J. Tryggestad, formann, Per Langeland, nestformann, Oddmund Fivelstad, sekretær, Reidun Tryggestad, Åge Gjørvad, Hildur Vollset.
Varamedlemer:
Nils P. Frøysa, Eline Fivelstad, Johs. Kjellstad.
Tur og valnemnd:
Åge Gjørvad, Per Kjellstadli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380