Lokalnytt

Årsmøte i Bygdetunets Venner

Olsok i Bygdetunet er populært. Her eit arrangement for nokre år tilbake.
Olsok i Bygdetunet er populært. Her eit arrangement for nokre år tilbake.

Stiftinga Bygdetunets Venner har halde årsmøte der 16 medlemar var til stades. Styreleiar Karl Johan Øie refererte årsmelding og rekneskap for 2008 som vart samrøystes vedteke.

Bygdetunets Venner er ei støtteforening til Hellesylt Bygdetun, gardsmuseet og kulturgåva som Stranda kommune overtok i 1992.
Venneforeninga hadde i fjor 89 medlemer. Medlemskontingenten vart vedteken til 100,- kroner.
Styret er: Styreleiar: Karl Johan Øie,
Nestleiar: Ruth Hole Aaland, (også representant frå Sunnylven skule)
Styremedlemer: Annbjørg Fivelstad, Erling Hole og Per Kjellstadli.
Varamedlemer: Per Langeland, Lars P. Korsbrekke.

I årsmeldinga står det at Bygdetunets Venner skipa til olsokstemne i Hellesylt Bygdetun. Slike arrangement blir svært godt motteke, for mange møtte fram til både servering og musikalske innslag.
Foreninga inviterte til kulturkveld på Tronstad grendahus i september med presentasjon av gamle matrettar. Om lag 70 frammøtte fekk sjå og smake ”Mat for 100 år sidan” som var i samarbeid med elevar og lærarar ved matlinja, Stranda vidaregåande skule.

Bygdetunets venner jobbar også med saker som vedkjem ”hus og grunn” i Bygdetunet. No er det sjølve hovedhuset som står for tur og skal bli Kulturstove. Der er det tanken å opprette både ei boksamling og ei permanent fotoutstilling av historiske bilder frå Sunnylven.
I samband med at Stranda kommune skal bygge ny brannstasjon, vil kommunen føre fram vatn til Bygdetunet, og då bli det stelt i stand ei toalettavdeling i Kulturstova.

Tyding av gardsnamn

På årsmøtet var også lærar og namnegranskar, Odd Normann Hoff til stades og snakka om tydingar av gardsnamn. Eit interessant, men omfattande tema å setje seg inn i.
Til dømes Hellesylt, kva tyder det? Sylt kom frå salt vatn, og helle tyda heilag slette. Altså, heilag slette attmed salt vatn, sa Hoff.

Styret i Bygdetunets Venner. Frå v. Karl Johan Øie, Per Kjellstadli, Erling Hole, Ruth Hole Aaland. Annbjørg Fivelstad var ikkje til stades.
Styret i Bygdetunets Venner. Frå v. Karl Johan Øie, Per Kjellstadli, Erling Hole, Ruth Hole Aaland. Annbjørg Fivelstad var ikkje til stades.
Odd Normann Hoff fortalde om tyding av stadnamn, både i og utanfor Sunnylven.
Odd Normann Hoff fortalde om tyding av stadnamn, både i og utanfor Sunnylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380