Bygdekvinner byd på ball

Laurdag byd Sunnylven Bygdekvinnelag på potetball. Her frå "ball-dag" til elevar og tilsette ved skulen i 2007.
Laurdag byd Sunnylven Bygdekvinnelag på potetball. Her frå «ball-dag» til elevar og tilsette ved skulen i 2007.

Laurdag 21. mars inviterer Sunnylven Bygdekvinnelag til kafe`treff på samfunnshuset med potetball på menyen.

Sunnylven samfunnshus bør vere treffstad når Sunnylven Bygdekvinnelag inviterer til laurdagskafè, til trivelege timar med servering. Her blir det høve til å få kjøpe seg potetball, retteleg traust tradisjonsmat der både pølser, mør og diverse anna høyrer med på tallerkenen.
I tillegg blir det sal av kaffi og kaker, skriv Bygdekvinnelaget i invitasjonen og ønskjer alle, også tilreisande vel møtt.
Laurdagskafeen held ope frå kl. 12.00 til kl. 15.00.

Årsmøte i SU.
Same dag er det årsmøte i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag på Hellesylt. Også møtedeltakarane der kan glede seg til eit ”traust” måltid frå Sunnylven Bygdekvinnelag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380