Godt år for TINE Meieriet Vest

TINE Meieriet Vest har gjort opp rekneskapen for 2008 med 12.4 mill. i overskot. Høg produksjon med god kvalitet på råstoff og produkt har gjeve god salsutvikling i heile TINE-selskapet.

Komande måndag er det årssamling i Stranda og Sunnylven produsentlag. Møtet er på Sunnylven samfunnshus. På saklista står vanlege årsmøtesaker, orientering frå Geno, utdeling av utmerkingar for godt mjølkestell til produsentar, og div. orienteringar.

Best innafor TINE-gruppa
Årsrapporten frå TINE Meieriet Vest er god lesnad. Meieriselskapet med anlegg i Ålesund, Ørsta, Byrkjelo, Vik, Voss, Øystese og Bergen er samla det beste av dei fem regionselskapa innafor TINE-gruppa. Hovedårsaka til overskotet på 12.4 mill. kroner, eller 17.4 mill. betre enn budsjettert, skuldast mellom anna at produksjon av faste produkt og UHT-produkt var 9 % over budsjettert kvantum.
Det var også auke i brunostproduksjonen i 2008, og drifta var god og stabil ved alle anlegga, fortel årsrapporten frå selskapet.
Kvaliteten på både leverandørmjølka og ferdigprodukta ved TINE Meieriet Vest var god. Mellom anna vart produkt belønna med 9 medaljer på Landsmeijeriutstillinga i Herning i Danmark. Fire av medaljene tok anlegget i Ørsta.

Oddvar Tynes er leiar i Sunnylven og Stranda produsentlag. Valkomiteen foreslår attval, også av Lars Helge Skabø med Per K. Gjerde som ntt styremedlem.

Jan Ove Tryggestad, Hellesylt er styreleiar og Leif A. Berge Adm. dir. i TINE Meieriet Vest.

God mjølk
Fleire mjølkeprodusentar i Sunnylven og Stranda får utmerkingar for levering av god mjølk på årssamlinga.
5 års plakett for klassefri kumjølk går til Trio Samdrift, Stranda og Randi Sæter, Hellesylt.
10 års plakett geit til Bodil og Tore Lie, Stranda, og 5 års plakett geit til Astrid Tronstad og Kjell Arne Dyrkorn, Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380