Lokalnytt

Ikkje Dronningbesøk til kyrkjejubileet

-

Dronning Sonja kjem ikkje til jubileumsmarkeringa for Sunnylven kyrkje. Grunna andre offisielle oppdrag er ho forhindra i å kome til Hellesylt denne gongen.

I den skriftelege meldinga sokneprest Svein Runde og jubileumsnemnda for kyrkjejubileet i Sunnylven har motteke heiter det at tidspunktet fell saman med andre offisielle oppdrag. Såleis har ikkje dronning Sonja høve til å vere til stades under jubileumsgudstenesta i september, hovedmarkeringa av 150-års jubileet for Sunnylven kyrkje.

Biskop og prost kjem
Men biskop i Møre, Ingeborg Midttømme og Prost i Austre Sunnmøre prosti, Øystein Kjølberg kjem, saman med fleire andre inviterte.

I høve kyrkjejubileet blir det no utarbeidd eit stort jubileumsskrift i bokform, og som skal vere klart for sal til Sommardagar på Hellesylt 10 – 12 juli. Innheldet blir eit tilbakeblikk på den 150 år gamle kyrkja, personar og kristeleg arbeid gjennom lag og foreningar i Sunnylven.

Mange jubileumsarrangement
Gjennom fleire tilskipingar vil jubileet for kyrkja i Sunnylven bli markert i 2009.
Søndag 8. mars held Sunnivakoret, Vestlandets storkor med Per Oddvar Hildre som dirigent konsert i Sunnylven kyrkje. (Sjå aktivitetskalender)
I påska blir det konsert med Helge Lilletvedt og lokale songarar, og under Sommardagane er Hanne Krogh tilbake under årets kyrkjekonsert.
Friluftsgudstenesta denne helga blir på Høgreiten, og der blir det jobba med planer om å vise utdrag frå ”Brand” av Henrik Ibsen, fortel sokneprest Svein Runde.
Mykje meir er under planlegging, og hellesylt.no vil informere.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380