”Krafttak mot kreft” gav 12.745.- kroner

Sunnylven pensjonistlag har gjennomført innsamlingsaksjon i høve ”Krafttak mot kreft” og fått inn kr. 12.745.-.

Ti bøsseberarar frå pensjonistlaget gjekk rundt i Sunnylven tysdag.
Eit veldig flott resultat, tykte leiar Knut Tryggestad som takkar alle som støtta aksjonen gjennom pengegåver. Han fortel at han alt har motteke godord frå innsamlingsaksjonen sentralt for det flotte resultatet.
Pengane som kjem inn går til kreftforskning mellom eldre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380