Lions Club Hellesylt ynskjer fornyelse.

Frå Lions sitt informasjonsmøte. Ole Traasdahl i midten saman med Olga Taraldset og Jens Vik frå Lions Club Hellesylt.

Frå Lions sitt informasjonsmøte. Ole Traasdahl i midten saman med Olga Taraldset og Jens Vik frå Lions Club Hellesylt.

Lions Club, Hellesylt inviterte til informasjonsmøte sist torsdag. Her var også distriktsguvernør Ole Traasdahl frå Lions Club, Dombås til stades og fortalde om prosjekt som organisasjonen driv rundt om i andre land.

Foto: Arne Inge Tryggestad

Lions Club Hellesylt vart skipa i 1979. No håper 30-års jubilanten på fleire nye medlemer.
President Jens Vik som fortalde om klubben, sa at dei ynskjer seg ”fornyelse”, for også Lions Club Hellesylt plagast med at alle blir eit år eldre.
Heilt frå starten har Lions-klubben på Hellesylt funne seg ein naturleg plass i bygdemiljøet og har engasjert seg sterkt mellom anna i humaitært arbeid, i eldreomsorg og for eit godt ungdomsmiljø i bygda.
Lions Club Hellesylt er del av verdens største humanitære organisasjon med 1.3 mill. medlemer fordelt på 44000 klubbar i 205 land.

Krugloyeprosjektet
Til stades på medlemsmøtet torsdag var Distriktsguvernør Ole Traasdahl frå Dombås, snikkaren frå Lesja som brukar all si fritid på arbeid for Lions.
Han viste lysbilete og fortalde om arbeid som organisasjonen driv i fleire land, mellom anna frå Krugloyeprosjektet i Hviterussland. Eit stort prosjekt som har hjelpt svært mange fattige under kummerlege kår.
Visjonen må vere å prøve å motivere mange andre til å sjå alt det flotte Lions gjer, sa Traasdahl.

Riksmøte i Geiranger
Også Lions Club på Stranda var representert på informasjonsmøtet, ein klubb som står framfor store arbeidsoppgåver i den næraste framtid. Klubben har teke på seg rolla som vertskap for riksmøtet til organisasjonen i mai, eit møtet som skal haldast i Geiranger.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380