Med fjøset fullt av kunst

  • mars-28-2009
  • mars-24-2009
    Martin Janssen, her saman med ein del av alt det flotte han lagar.
  • mars-25-2009
  • mars-26-2009
  • mars-27-2009
  • mars-29-2009

Sidan august i fjor har Martin Janssen på Helset dreia og forma trevirke til både bruksting og pynt. Dyra på garden er borte, så no er fjøset verkstad fullt av treemner og redskap.

Langs etter forbrettet ligg emner av mange treslag, bjørk, hegg, selje, gran, lind og furu. Alt lagar Martin flotte, dekorative pyntegjenstandar og små bruksting av. Han har blitt ein trollmann ved dreiebenken som er plassert i enden av det som før var kufjøset på garden.
Ein annan stad står ei lita elektrisk sag og ei bandpussemaskin. For slett og blankt er det alt som han lagar, og artikkelutvalet er stort og variert. Store og små bollar og fat med dreia epler og pærer i tre som pynt, ljosestakar, kjøttbankarar, diverse haldarar for tørkepapir og flasker, dekorative treplater med motiv av fuglar, dyr og blomster på, og mykje, mykje meir.

NM i Bace Race
No jobbar han også med gåvepremiar til NM i Base Race som om alt går etter planen blir arrangert i veka før Sommardagar på Hellesylt i juli. Då skal norges tøffe ”himmelseglarar” kaste seg ut frå den 1246 meter høge Helsetkopen og lande 1100 meter lavare på Storøyna, den store flata ved Helsetvatnet. Detaljer kring konkurransen skal drøftast på eit møte mellom grunneigarar og arrangør om litt.
Blir NM-konkurransen arrangert, har Martin Janssen gåvepremiar og eit minne frå Helset klar.

Gratis til Frelsesarmeen
Martin Janssen har kjøpt literatur og lese seg fram til dreieteknikkar. At han har både innsikt og eit godt handelag for hobbyverksemda si er mange og varierte ting bevis på.
Men kva gjer han med det han lagar? Det tenkjer han ikkje så mykje på, det er fyrst og fremst ein interessant hobby, seier han. Litt har han seldt og noko har han gjeve bort, men pengar er han ikkje så oppteken av. No vil han tilby Frelsesarmeen å kome og finne gåver gratis, både til jul og ved andre høve.

Og om nokon har lyst å sjå, både skuleklasser og andre, er det berre å stikke innom, seier han. Han er alltid heime.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380