Lokalnytt

NM i Base hopp frå Helsetkopen

mars-17-2009

I juli er alt klart for fyrste Norgesmeisterskap i Base hopp. Det skjer frå Helsetkopen i veka før Sommardagar på Hellesylt. Neste år kan staden bli arena for nye luftige hopp for menn i vingedrakter med World Cup og internasjonal deltaking.

Nyleg var Paul Fortun og Johnny Bjørkås frå Rauma på Helset for å ta Helsetkopen og landingsområdet i nærare augesyn saman med grunneigarar. Og dei var ikkje i tvil. Fjellet og terrenget ved Helsetvatnet var som skapt for NM-tevlinga i Base hopp.
I utgangspunktet skulle området vere for fyrste del av konkurransen. No kan heile tevlinga av det aller fyrste Norgesmeisterskap i sporten kome til å gå der, både med innleiande og finalehopping.

God konkurransearena
Johnny Bjørkås kjem frå Bodø og Paul Fortun frå Ås. Begge bor i Rauma, er aktive innafor ein nystarta organisasjon som vil ta på seg organisering av Base hopp konkurransar. Dei blir arrangørar av NM-konkurransen i Sommardag-veka på Hellesylt.
Hopp-konkurransen i juli kjem truleg til å vere åpen også for gjestedeltakarar frå utlandet. I sjølve NM er det 16 hopparar som til no er klare. Paul Fortun er sikker på at det blir ein flott konkurranse.
-Ein skjult skatt-, seier han når han skal beskrive Helsetkopen, fjellet som kneiser seg 1246 meter høgt over havet. Ned til landing er det 1100 meter og 1.3 km. i lengde ut frå startplassen på toppen.

Tidtaking
Paul Fortun var den aller fyrste som hoppa frå Helsetkopen i vingedrakt. Det var i 2002. Seinare har han gjort nye hopp saman med ein amerikanar og ein franskmann.
Konkurransen i NM er som ein 200 meter sprint, det gjeld om å bruke kortast tid frå start til mål, forklarar Fortun. Deltakarane hoppar ut frå start, to og to i lag, og ”flyg” i vingedrakter til dei kryssar over ei opptrekt snor i området ved landingsplass på kortast mogleg tid.
Dommarane ligg på rygg under snora og registrerer plassering og tid deltakarane brukar. Og som i alle andre tevlingar på tid er den raskaste frå start til mål vinnar.
Alle deltakarar går til toppen, ein to timar lang fjelltur.

-Mange trur at Base-hopping frå fjell er ein svært fårleg sport, at utøvarane er litt gale. Under World Base Race i Rauma i fjor fekk publikum eit anna innrykk. Konkurransen vart ein attraktiv publikumsport som svært mange følgde med på.
Det håper vi mange vil gjere også på Hellesylt, og vi veit vi vil få god pressedekning av arrangementet, både frå TV og anna presse-, seier Paul Fortun.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380