Oppstart i Helgesvingen i april

Arbeidet med utviding av krysset i Helgesvingen blir starta opp i april.

Arbeidet med utviding av krysset i Helgesvingen blir starta opp i april.

Under synfaring i februar viste heile 22 firma interesse for arbeidet med utbetring av Helgesvingen og rv. 60 Ljøvegen forbi Hellesylt vandrerhjem. Torsdag var det tilbudsåpning.

Då fristen gjekk ut torsdag 5. mars hadde 12 firma lagt inn anbud. Prisen på den aktuelle utvidinga varierte frå 11.7 mill. til 21.0 mill. kroner, fortel Kristen O. Leganger i Vegvesenet. Kven som får tilbodet blir avgjort med det fyrste.

Arbeidet med utviding av Helgesvingen og vegen vidare blir utført etter dei reguleringsplanar som ligg føre. Det blir ikkje opparbeidd eit eige gangfelt frå Helgesvingen, men frå overgangen som kryssar vegen i ”grushola” og til Hellesylt vandrerhjem blir det laga så brei vegskulder at det blir råd å gå utanfor kvitestripa, seier Leganger.

Han reknar med at Vegvesenet har entrepenør på plass like over påske, og at arbeidet kjem i gong i april. Prosjektet er planlagt ferdig i 2011.
Sjå også: http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/rv60royrhellesylt

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380