Optimisme prega generalforsamling

Arbeidet i utviklingsselskapet Hellesylt Vekst a/s er prega av optimisme. Det seier styreleiar Jan Ove Tryggestad i ein kommentar etter generalforsamlinga i selskapet.

Nesten alle dei 15 aksjonærane i Hellesylt Vekst a/s var til stades på generalforsamling på Hægstad Gård sist torsdag.
Selskapet har lagt eit godt arbeidsår bak seg, og utsiktene framover er også prega av optimisme, seier Tryggestad. Han legg til at fleire spanande prosjekt er på trappene, mellom anna vil det bli søkt eit tettare samarbeid mellom Hellesylt Vekst a/s og Kunnskapsparken i Ålesund om utvikling av idear som kan skape nye arbeidsplassar.
Det blir kalla inn til eit orienteringsmøte på Hellesylt med representantar for Kunnskapsparken i påska.

Styreval
Under val av styre i Hellesylt Vekst a/s gjekk Synnøve Hjellbakk Hole og Inge Hole ut.
Jan Ove Tryggestad held fram som styreleiar, og med desse som styremedlemer: Bjørg Ness, Per Erik Dalen, Oddbjørg Stadheim, Ole Arnstein Ringdal, Ruth Hole Aaland (ny), Gunnar Langva (ny). Dagleg leiar i selskapet, Inge Hole har møterett, men ikkje stemmerett i styret.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380