Lokalnytt

Potetball fall i smak

Potetball fall i smak hos elevane ved Sunnylven skule.
Potetball fall i smak hos elevane ved Sunnylven skule.

Alle hendene gjekk i veret då einingsleiar Ruth Hole Aaland ved Sunnylven skule stilte spørsmålet til elevar og lærarar om potetballen smaka. Sunnylven Bygdekvinnelag hadde gjort ein framifrå god jobb nok ein gong.

Denne veka var det ball-dag ved Sunnylven skule. Måltidet til 79 elevar og eit tjuetalls tilsette vart som vanleg stelt i stand og spandert av Sunnylven Bygdekvinnelag.
Det seier seg sjølv at det var ein varm jobb for dei fire frå Bygdekvinnelaget å gjere klar 240 potetballar og alt det andre som høyrer med til eit slikt måltid. Også dagen før var medlemer frå laget i sving med førebuingar, med potetskrelling og koking av kjøtt.

Tradisjon
Måltidet fall i smak og fekk mykje skryt etter bordsetet, og det var vel fortent. Både Trygve Aaland Tryggestad, som representerte elevane, og lærar Ruth Hole Aaland gav Bygdekvinnelaget ros. Ball-dag på skulen har blitt tradisjon annakvart år.
– Jul har vi kvart år, men ball-dagen på skulen er nesten som ein ekstra julekveld. Vi er heldige som har eit aktivt Bygdekvinnelag som steller i stand dette måltidet til oss. Å føre gamle mattradisjonar vidare er også viktig, så difor var det naturleg at også elevane hjelpte til -, sa Ruth Hole Aaland.
Elevar frå 9. klasse stod for serveringa av potetballar, pølser, mør, salt kjøtt, poteter, kålrot og bacon, og ungdomsskulen hjelpte til med oppryddinga etterpå.

-
Flinke servitørar var f.v. Liv-Tone Tryggestad, Ole Andreas Eide Ljøen, Ida Katrin Brekke, Gro Mari Kjellstadli Langleite.
Flinke servitørar var f.v. Liv-Tone Tryggestad, Ole Andreas Eide Ljøen, Ida Katrin Brekke, Gro Mari Kjellstadli Langleite.
Kjøkkendamene frå Bygdekvinnelaget, f.v. Anne Grete Hjelmeland Hole, Else Kjersheim Frøysa, Olveig Brandvoll, Solveig Førde.
Kjøkkendamene frå Bygdekvinnelaget, f.v. Anne Grete Hjelmeland Hole, Else Kjersheim Frøysa, Olveig Brandvoll, Solveig Førde.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380