Lokalnytt

Pyntar Hellesylt med blomster

Hellesylt sentrum skal gjerast vakrare med utplanting av blomster. Over 30 store blomsterkrukker i hardplast og rundt ein meter i diameter er tinga og kjem på plass i mai.

Det er Hellesylt Vekst og Hellesylt Næringslag i samarbeid med Stranda kommune som står bak aksjonen med blomsterplanting i Hellesylt. Det fortel Heidi Hauge, ei av fleire som stadig kjem opp med idear for å gjere Hellesylt enno vakrare.
Bedrifter som har tinga blomsterkrukker, betalar det dei kostar sjølve, rundt 3000,- kroner for kvar. Stranda kommune tek på seg kostnad og arbeid med planting.
Ho viser eit kart der blomsterkrukker er innteikna, både med ei og to i lag, rundt om i Hellesylt sentrum, frå Hellesylt Camping til kaia.

Også Hellesylt Vel.
Det skal bli flott, trur Heidi Hauge som saman med Annvor Tryggestad og Åshild Rusten også er i leiinga for Hellesylt Vel. Organisasjonen som frå skipinga i 1959 har hatt som oppgåve å gjere Hellesylt til ein så ven og triveleg stad som mogleg for både fastbuande og turistar, er no i arbeid igjen.
Heidi Hauge fortel at dei i fyrste omgang vil arbeide for å få utplassert fleire benkar og bord rundt om i sentrum, og elles sjå til at det er godt stell av både plenar og blomsterbed.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380