21. april 2026

Skiskyttaranlegg offisielt opna

Unge skiskyttarar frå Sunnylven IL hadde flagget med ved opninga. Frå v. Ivar Ringdal Sæter, Trygve Aaland Tryggestad, Asbjørn Kvam Karbø, Henning Frøysa.
Unge skiskyttarar frå Sunnylven IL hadde flagget med ved opninga. Frå v. Ivar Ringdal Sæter, Trygve Aaland Tryggestad, Asbjørn Kvam Karbø, Henning Frøysa.

Litt småpuss med mellom anna tilsåing med grasfrø her og der, og anlegget vil bli godkjent for utbetaling av dei siste spelemiddlane.- Det sa leiar i Sunnylven IL, Knut Dag Langeland då han ønska løparar, leiarar og eit stort antall publikum vel møtt til opningsseremoni i Hyttehola laurdag.


Opningsrennet i Sunnylven IL sitt nye skiskyttaranlegg vart på alle måtar vellukka. Godt ver, stor deltaking og prikkfritt gjennomført av arrangøren. Konkurransen samla vel 100 deltakarar frå arrangørklubben og Sogn og Fjordane.
Knut Dag Langeland var spent på avviklinga av det fyrste store rennet, men visste at klubben hadde mange dyktige funksjonærar så han håpa det gjekk bra. Og det gjorde det, opningsrennet vart gjennomført prikkfritt.

Mykje dugnad
Anlegget i Hyttehola held standard for nasjonale renn. Utbygginga for skiskyting har kosta 2.1 mill. kroner, finansiert med kommunalt tilskot, spelemiddlar, rabattar, gåver og dugnad.
Rune Tryggestad er leiar i skiskyttargruppa i Sunnylven IL, og har gjennom plan- og byggeperioden vore ein utretteleg organisator for realisering av skiskyttararenaen.
-Vi har hatt ein fantastisk dyktig byggeleiar i Rune Tryggestad, og saman med fleire andre har det blitt lagt ned ein stad mellom 1100 og 1200 dugnadstimar-, sa Knut Dag Langeland som retta takk til alle.

Eit topp anlegg
Skiskyttaranlegget i Hyttehola har 15 skiver med snortrekk. Avstand frå standplass til skiver er 50 meter som er kravet for å arrangere nasjonale konkurransar. På stadion er ein bekk lagt i rør, stadionområdet er drenert og heva for å unngå problem med vatn, det er bygd nye løypetrasear og standplass, og nye lysmaster er på plass. Anlegget kan brukast heile året og heile døgnet, også under trening på barmark. Deler av den nye løypetraseen er bygd og fundamentert med tanke på at ein seinare kan leggast asfalt for ei rulleskiløype.

Innmeldt i nabokrinsen
Sunnylven IL har mange skiskyttartalent, og under opningsrennet fekk dei på nytt prøve styrke mot dei beste i sporten frå nabofylket Sogn og Fjordane. Der er skiskyting ein stor vinteridrett i motsetning til Møre og Romsdal. Difor er skiskyttargruppa innmeldt i Sogn og Fjordane skiskyttarkrets, både for å gå fleire renn og konkurrere om edelt metall i meisterskap.
I Sunnylven IL driv mellom 15 og 20 skiskyting og deltek på konkurransar.

Knut Dag Langeland takka byggeleiar for skiskyttaranlegget, Rune Tryggestad for stor innsats.
Knut Dag Langeland takka byggeleiar for skiskyttaranlegget, Rune Tryggestad for stor innsats.
Johan Eirik Meland og Helene Støve Otterdal klipte silkebandet som markerte opninga, og fekk blomster av rennleiar Asle Fivelstad.
Johan Eirik Meland og Helene Støve Otterdal klipte silkebandet som markerte opninga, og fekk blomster av rennleiar Asle Fivelstad.
Frå start på rennet. 4. er Ole Iver Kjellstad, Sunnylven IL, 5. Simon Hjelmeset Kirkeide, Markane IL, 6. Marte Kroken, Hornindal IL.
Frå start på rennet. 4. er Ole Iver Kjellstad, Sunnylven IL, 5. Simon Hjelmeset Kirkeide, Markane IL, 6. Marte Kroken, Hornindal IL.
Nikolaj Nybø Støverstein, Sunnylven IL skaut fullt og kom i mål til 6. plass i nybyrjarklassa.
Nikolaj Nybø Støverstein, Sunnylven IL skaut fullt og kom i mål til 6. plass i nybyrjarklassa.
Rundt 50 funksjonærar hjelpte til med avviklinga av rennet.
Rundt 50 funksjonærar hjelpte til med avviklinga av rennet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →