Storslagen jubileumsopning

Sunnivakoret i Sunnylven kyrkje.

Sunnivakoret i Sunnylven kyrkje.

Sunnivakoret gjesta Hellesylt med konsert i Sunnylven kyrkje søndag 8. mars. Det vart ei stor og verdig opning av mange kulturarrangement i høve 150-års jubileet for kyrkja.

Den 90 minutt lange konserten gleda og imponerte mange. Om alle dei komande arrangementa vil halde like høg standard blir 2009 eit minnerikt kulturår i Sunnylven.

Dronning Sonja kjem ikkje, men songopplevinga med Sunnivakoret var ei god erstatning, meinte Ruth Hole Aaland i programnemnda for kyrkjubileet som takka songarane og overrekte gåver til solist Tina Brandal, pianist Per Arild Skorgen og dirigent Per Oddvar Hildre. Alle fekk smakfulle minner med frå Hellesylt, mør frå Ole Ringdal a/s.

Etter applausen frå 110 betalande, fall det også i smak det Sunnivakoret serverte. Eit variert repertoar med songar både frå Latin-Amerika, Caribien, omsett av Erik Hillestad, og sjølvsagt heimlege songskattar med fleire av Eivind Skeide.
Også publikum fekk vere med, og sjeldan før har vel allsongen i Sunnylvskyrkja vore betre enn akkurat på søndag.

Sunnivakoret, Vestlandets største med songarar frå Vågsøy, Selje, Vanylven og Flora kommunar var ikkje fulltallig på Hellesylt. Men dei 80 songarane og solist Tina Brandal under leiinga av ein engasjert dirigent, Per Oddvar ”Prots” Hildre og Per Arild Skorgen på piano gav eit varig songminne til alle song og musikkglade.
Og staselege, erverdige Sunnylven kyrkje hjelpte storleg med å få fram vellyd. Akustikken i den gamle trekyrkja er unik, rett og slett eit stasbygg for korsong.

Møtet med Sunnivakoret vart ei storslagen opning av eit spanande jubileumsår.

Tina Brandal var solist med koret i fleire songar.

Tina Brandal var solist med koret i fleire songar.

Dirigent for Sunnivakoret, Per Oddvar "Prots" Hildre.

Dirigent for Sunnivakoret, Per Oddvar «Prots» Hildre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380