Lokalnytt

TINE auka omsetninga

TINE auka omsetninga med 11.7 % i fjor. Det kom fram på årssamlinga i Stranda og Sunnylven produsentlag måndag. Der fekk også dyktige mjølkeprodusentar heidersbevis for godt mjølkestell.

Kring 40 mjølkeprodusentar var til stades på Stranda og Sunnylven produsentlag si årssamlinga på Sunnylven samfunnshus. Til stades var også representantar frå TINE-organisasjonen, mellom anna styremedlem Torill Nina Midtkandal, Stryn.
Midtkandal orienterte frå drifta i konsernet det siste året der rekneskapen som synte auke i omsetninga med 11.7 % til 17.7 milliardar kroner.
Salet av mjølk, kvitost og yoghurt hadde alle god auke, medan brunost synte litt nedgang. Også Snøfrisk hadde blitt ein suksess på den utanlandske marknaden. 172 tonn gjekk til eksport og 180 tonn til innanlandsk sal.
Totalt tok konsernet mot 1464 mill. liter mjølk.
Utbetalingsprisen for kumjølk var i 2008 på 3.91 kr. pr. liter, inkl. 12 øre i forskot og 4 øre i etterskotsbetaling som bøndene får på oppgjøret for februar.
Om produsentprisen for ku i 2009 var mykje usikkert, men målet var å kome ut med ein pris pr. liter på 4.04 kr., sa Torill Nina Midtkandal.

Val.
Oddvar Tynes, Sunnylven held fram som leiar i Stranda og Sunnylven produsentlag. I styret er også Lars Helge Skarbø, og Per Kristian Gjerde (ny), begge Stranda.
Vararepresentantar: 1. Barbro Lade, Hellesylt. 2. Tor Lie, Stranda.
Oddvar Tynes vart samrøystes vald som laget sin kandidat til årsmøteutsending i TINE Meieriet Vest.

Utmerkingar:
Fleire mjølkeprodusentar fekk overrekt plakettar for godt mjølkestell av styremedlem Torill Nina Midtkandal og styreleiar i TMV, Jan Ove Tryggestad.
Bodil og Tor Lie, Stranda fekk 10-års plakett for geitmjølk, og Astrid Tronstad og Kjell Arne Dyrkorn, Hellesylt fekk 5-års plakett for geit.
5-års plakett ku gjekk til Randi Sæter, Hellesylt, og til Trio samdrift, Stranda som består av medlemane Oddvar Gjerde, Per Kristian Gjerde og Per Magne Vågsæter.

På bildet frå v. styreleiar i TMV Jan Ove Tryggestad, Tor Lie, Astrid Tronstad, Kjell Arne Dyrkorn, Randi Sæter, Per Magne Vågsæter og styremedlem Torill Nina Midtkandal.
På bildet frå v. styreleiar i TMV Jan Ove Tryggestad, Tor Lie, Astrid Tronstad, Kjell Arne Dyrkorn, Randi Sæter, Per Magne Vågsæter og styremedlem Torill Nina Midtkandal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380