LokalnyttLokalsport

Toppkarakter for skiskyttarrenn

Det vart mykje ros og vellyd for rennet i Hyttehola frå TD Jon Arne Kvåle, Vik i Sogn til rennsjef Asle Fivelstad t.v. og Rune Tryggestad t.h. (Foto: Arne Inge Tryggestad)
Det vart mykje ros og vellyd for rennet i Hyttehola frå TD Jon Arne Kvåle, Vik i Sogn til rennsjef Asle Fivelstad t.v. og Rune Tryggestad t.h. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Flott arrangement, suveren arena og godt utført arbeid. Det var konklusjonen arrangøen av kretsrennet i Hyttehola mottok ved rennslutt søndag.

Og ikkje nok med mykje verbalt skryt, på ein skala frå 1 til 5 vart sluttkarakteren 5. Det var løypesjef Rune Tryggestad, ein av dei ansvarlege for rennavviklinga svært godt nøgd med. Etter ei strevsam helg måtte han vedgå at no var han litt sliten, men klar til nye renn neste sesong.
Skiskyttaranlegget i Hyttehola er eitt av dei tre beste på desse kantar, berre anlegget på Ullsheim og Vik i Sogn kan måle seg med det Sunnylven IL har i Hyttehola.

Sesongen for skiskyting er no over, berre premiering for lagsmeisterskapen i Sunnylven IL står att med samling på Villa Norangdal.
– Vi planlegg fyrst ein skitur til fjells, og etterpå blir det premieutdeling i Villa Norangdal. Alle får premie, og kvar klassevinnar blir tildelt ein litt spesiell pokal, laga av kanonhylser og inngravert Villa Norangdal på. Iris Fivelstad har ordna dei flotte trofea.
Pokalane skal gå over fem år og blir då uttrekt endeleg mellom vinnarane-, fortel Rune Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380