Lokalnytt

Ungdomstreff på Hellesylt i påska

Tidleg i påskeveka blir det ungdomskveld for dei mellom 15-25 år på Hellesylt. Det er ungdomsklubben Verkstedet og Hellesylt Vekst som er arrangørar, og der blir det både program og diskotek.

Ungdomsklubben Verkstedet har eige styre med May-Helen Hole, leiar, Ole Hjalmar Bonsaksen, Joakim Langlo Kaldhussæter, Linn Helene Brekke og Helge Tryggestad som styremedlemer.
Arrangementet i påska styrer ungdommane sjølve med litt hjelp av nokre eldre, fortel Eva Kristin Langlo. Ho er ein av dei vaksne medhjelparane til ungdomsklubben på Hellesylt.
Dette blir den fyrste store samlinga til den ”unge” klubben, og blir på Sunnylven samfunnshus. Her blir det både program, servering og dans.
Kvelden startar med ein fagdel der inviterte personar snakkar om krav og moglegheiter innafor visse yrke.
Adm. dagleg leiar ved Ole Ringdal a/s, Ole Arnstein Ringdal fortel frå næringsmiddelbransjen, kva er næringsmiddel, kva krav blir stilt til utdanning og korleis er jobbmulegheitene.
På same måte vil adm. direktør i 62º NORD, Terje Devold kome inn på situasjonen innafor reiselivsbransjen.
Også næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal vil ha innlegg og fortelje om næringsliv og utdanning i Stranda kommune.

Etter den faglege delen blir det servering av taco, og dans med musikk av trubadurane Sondre og Erik frå Ålesund.

Ungdommen på Hellesylt ønskjer å vise fram bygda og at det skjer noko på Hellesylt, så sjølvsagt er unge også frå andre bygdelag velkomne, seier Eva Kristin Langlo. Ho trur det blir ein fin kveld.
Snart får ungdommen på Hellesylt sitt eige lokale i den gamle bilverkstaden, kanskje i løpet av året, og då blir det heilt sikkert fleire slike kveldar.
Ungdomstreffet i påska er eit samarbeidstiltak mellom ungdomsklubben og Hellesylt Vekst.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380