18. november 2025

Vedlikehald av Postveien held fram

Grøfter blir renska og andre skada parti av Postveien blir reparert.
Grøfter blir renska og andre skada parti av Postveien blir reparert.

Arbeidet med å ruste opp og bevare Den Trondhjemske Postvei frå Ljøkaia og oppover held fram. No blir grøfter renska og murar reparert.


Foto: Inge Hole

I 2008 sette Hellesylt Næringslag i gong arbeid med vedlikehald av Postveien frå Ljøkaia og oppover til det gamle skulehuset på Ljøen. Vegen heldt på å gå tilbake til naturen, skog vaks opp og gamle murar stod i fåre for å rase saman. Små og store tre vaks over alt og røter, og grøfter for vatn var borte.
I løpet av våren i fjor vart skog rydda og fjerna.

No er vedlikehaldsarbeidet kome til fase to, seier Inge Hole i Næringslaget. Same arbeidslaget er i gong med opprensking av grøfter og reparasjon av murar og andre skada deler av vegen.

Den gamle Postveien blir ein flott turveg i vakker natur.
Den gamle Postveien blir ein flott turveg i vakker natur.
Kaffipause for arbeidslaget.
Kaffipause for arbeidslaget.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →