
Tysdag kom årets fyrste bussturistar til Hellesylt. Tre bussar med spanjolar ville sjå Geirangerfjorden, men det var tre dagar før Bolsøy er i rute. Skyssbåten Geirangerfjord vart redninga.
Bussturistane var nokre dagar for tidleg til å få oppleve fjordlandskapet mellom Hellesylt og Geiranger frå ferjedekk. Dermed fekk turistbåten Geirangerfjord oppdraget med å gje dei spanske turistane opplevingsturen på verdens vakraste fjord i eit strålande vårver.
