20. april 2026

Fann seg påskepynt

-

Borna i fyrste og andre klasse ved Sunnylven skule var på tur i skogen torsdag for å finne seljekvistar, det nærmar seg påske.

I alt 17 born saman med to vaksne leiarar hadde kledd seg for veret og ein liten tur i skogen. Dei leita etter seljegreiner med gåsungar på, for det er snart påske og dei hadde planar om å lage noko fint av seljekvistane, fekk vi vite
Å kutte greinene med kniv hadde også gått bra, berre ei lita rift i ein finger var det heile, men den skaden var ikkje så mykje å snakke om.
Vi møtte dei i gata då dei var på veg tilbake til skulen på Hellesylt der det heilt sikkert vart laga mykje fint påskepynt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →