Lokalnytt

Framførte påskemusikal i kyrkja

Framføring av påskemusikalen "Har du hørt det" med Ariel og Joyful i Sunnylven kyrkje innleia påskeveka.
Framføring av påskemusikalen «Har du hørt det» med Ariel og Joyful i Sunnylven kyrkje innleia påskeveka.

Mange var til stades under familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje palmesøndag. Der framførte barne- og ungdomskora Ariel og Joyful påskemusikalen ”Har du hørt det”.

Musikalen er laga av Alf Georg Østebrøt og har blitt vist i kyrkja som innleiing til påska kvart år frå tidleg på 90-talet.
”Har du hørt det” har masse flott musikk og sterke tekster. Temaet er Jesus sitt liv frå palmesøndag, korsfestelsen på Golgata til oppstoda fyrste påskedag .

-Dere er mine venner, jeg gir av meg selv- heiter det i ein innleiande song. Men snart blir alt endra og folket ropar; -korsfest ham, slipp Barabass fri-.
Jesus dør på Golgata, men nokre dagar seinare kjem bodskapen om at han har stått opp av grava.

Flott framføring.
Ei sterk, men likevel ei flott forteljing som dei to barnegospelkora nok ein gong formidla på ein strålande måte, sa sokneprest Runde då han takka aktørane etter at velfortent applaus hadde tagna.
Solistar i songar var Ingunn Runde, Linn Helene Brekke, Ingelin Storstein Hole, Nanna Frøysa Hellebostad, Inga Elise Vik og Jarl Vegard Eliassen Røyrhus. Ole Andreas Eide Ljøen hadde rolla som Jesus.
Fleire av kormedlemer batt saman musikalen med tekstlesing. Dirigent var Kristin Storstein.

Ingelin Storstein Hole t.v. og Ingunn Runde var to av mange dyktige solistar under framføring av musikalen.
Ingelin Storstein Hole t.v. og Ingunn Runde var to av mange dyktige solistar under framføring av musikalen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380