Lokalnytt

Generalprøve før Tomra Ørskog Festival

Trond Otto Berg er dirigent for dei to skulekorpsa.
Trond Otto Berg er dirigent for dei to skulekorpsa.

Sunnylven skulekorps og Stranda skulekorps samarbeider om deltaking på Tomra Ørskog Festival 25. april. Musikkmønstringa komande laurdag er også Nordvestmeisterskap for skulekorps.

To dagar før, torsdag 23. april, har dei to skulekorpsa generalprøve på Sunnylven samfunnshus på show- og musikkprogrammet dei skal framføre.

På Ørskog stiller korpsa i klasse 1. der dei konkurrerer med åtte andre, fortel leiar i Sunnylven skulekorps, Gunhild Kvam. Ho håper mange kjem på generalprøva, både for å sjå eit spenstig show og høyre dei unge musikantane presentere både kjende tonar og litt utradisjonell korpsmusikk.
Sjå aktivitetskalender.

Sunnylven skulekorps og Stranda skulekorps har "spleisa" seg saman til festival på Ørskog. Her frå ei øvingshelg på Hellesylt.
Sunnylven skulekorps og Stranda skulekorps har «spleisa» seg saman til festival på Ørskog. Her frå ei øvingshelg på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380