Klare for Tromra Ørskog Festival

Skulekorpsa i Sunnylven og Stranda gjennomførte ei god generalprøve.

Skulekorpsa i Sunnylven og Stranda gjennomførte ei god generalprøve.

Sunnylven skulekorps og Stranda skulekorps er klare for musikkfestival på Ørskog til helga. Dei to har spleisa seg saman og stiller i 1. divisjon saman med åtte andre.

Gjennom mange og lange øvingar er eit spenstig musikk- og showprogram innøvd. Generalprøva på Sunnylven samfunnshus lova det aller beste.

Opningstonane har dirigent Trond Otto Berg komponert og arrangert. Når dei vel 30 musikantane marsjerer inn spelar Helge Kvam Karbø fele og Andreas Nybø Støverstein slår takta på tromme. Komposisjonen har fått namnet ”…gang på gang … i gang”.
Så kom ”Variasjoner over Gubba Noa” med Andreas Havnen som solist på kornett, og
deretter var det ”Vuggesang” og ”Burobengen”, før eit nytt musikk og show- nummer.
Der var også ei dansegruppe i aksjon og viser spenstige hallingkast og litt slåsting om jentene. Komposisjonen har dirigent Berg laga og arrangert, og musikarane har bestemt tittelen ”Fesjå, strikjen og han med kniven”.

Eit ekte teamarbeid med andre ord, slik også festivaldeltakinga på Ørskog blir.
-Det har vore utruleg kjekt å jobbe saman med korpsa fram mot festivalen. Eg gler med i alle fall som eit lite barn til laurdag,- sa dirigent Trond Otto Berg etter at han og korpsmedlemane hadde fått velfortent applaus frå eit 30-talls tilhøyrarar.

Eit spenstig danseinnslag er også med i showet til dei to korpsa.

Eit spenstig danseinnslag er også med i showet til dei to korpsa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380