Lokalnytt

Konsertperle i Sunnylven kyrkje

Aktørar under konserten, frå v. Helge Lilletvedt, Kristin Storstein, Ingelin Storstein Hole, Oddbjørg Stadheim, Ingunn Runde, Elisabeth Krohn Runde og Linn Helene Brekke.
Aktørar under konserten, frå v. Helge Lilletvedt, Kristin Storstein, Ingelin Storstein Hole, Oddbjørg Stadheim, Ingunn Runde, Elisabeth Krohn Runde og Linn Helene Brekke.

Skjærtorsdag fylte 300 personar Sunnylven kyrkje for å høyre musikar Helge Lilletvedt og lokale songarar framføre salmar av Lina Sandell. Konserten vart eit høgdepunkt så langt i markeringa av 150-års jubileet for kyrkja.

Lina Sandell var svensk songforfattar, født i 1832. Gjennom sitt 71 år lange liv skreiv ho ei lang rad viser og salmar som har blitt kjende og kjære i mange samanhengar, både i sorg og glede.

Kvalitet
Vi høyrde dei synge saman i Sunnylven kyrkje under siste julekonsert, og no var dei tilbake for å glede ei nær fullsett kyrkja. med ti songar av Lina Sandell.
Elisabeth Krohn Runde, Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim, Ingunn Runde, Ingelin Storstein Hole og Linn Helene Brekke er dei lokale ”gullstrupene” som vil bli hugsa lenge etter påske etter denne konserten.

Med Helge Lilletvedt på piano, musikar og fast akkompagnatør for artisten Herborg Kråkevik, var det musikalske i dei beste hender.
Lilletvedt opna konserten med å spele improvisasjonar der den profesjonelle musikaren ”leika” på tangentane og viste sin musikalsk kvalitet som berre skulle forsterke seg ut over i konserten.

Repertoaret.
Dei ti songane som Elisabeth Krohn Runde batt saman verbalt, gjekk heim til eit lyttande publikum.
”Blott en dag”, solist Kristin Storstein, «Ær det sant at Jesus er min brode”, solist Elisabet Krohn Runde, ”Modersvingen”, solist Oddbjørg Stadheim, ”O Jesus øpna du mitt øga”, solist Ingunn Runde, ”Jesus før værden”, solist Ingelin Storstein Hole, ”Tryggare kan ingen vara”, solistar Ingunn, Ingelin, Linn Helene, ”Aldrig ær jag utan fara”, solist Oddbjørg Stadheim, ”Herrens nåde”, solist Kristin Storstein, ”Jag kan icke rekna dem alla”, solist Linn Helene Brekke, ”Bred dina vida vingar”, solist Kristin Storstein.

Høgdepunkt
Med ulike arrangement blir 150-års jubileet for Sunnylven kyrkje markert. Konserten med songar av Lina Sandell skjærtorsdag vart eit høgdepunkt i feiringa så langt for song og musikkglade, der aktørane fekk taktfast, ståande applaus etter framføringa.
Kjempebra, strålande, ei oppleving vi vil hugsa lenge, var kommentar etterpå, superlativ som konserten avgjort fortente. Den vart det vakre for sansane, ei perle.

"Blott en dag" var opningssong med frå v. Kristin Storstein, Linn Helene Brekke, Ingunn Runde, Oddbjørg Stadheim, Ingelin Storstein Hole og Elisabeth Krohn Runde.
«Blott en dag» var opningssong med frå v. Kristin Storstein, Linn Helene Brekke, Ingunn Runde, Oddbjørg Stadheim, Ingelin Storstein Hole og Elisabeth Krohn Runde.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380