Lokalnytt

Mange brudevigsler for Runde

Sokneprest Svein Runde har avtala 21 brudevigsler frå april til september.
Sokneprest Svein Runde har avtala 21 brudevigsler frå april til september.

Sokneprest Svein Runde går ein travel vår og sommar i møte. I tillegg til faste kyrkjelege gjeremål, skal presten i Sunnylven og Geiranger vigsle 21 brudepar.

Det har blitt populært å gifte seg i kyrkjer igjen, i alle fall i Sunnylven og Geiranger. Sokneprest Svein Runde smiler når han fortel om pågangen frå unge etter kyrkjelege vigsle. Brudefolk kjem alle stader i frå, både lokalt og tilreisande frå andre deler av Sunnmøre og landet, fortel han.

Frå heile landet
-Antallet varierer frå år til år. For tre år sidan hadde vi kring 20 vigsler, men i fjor var det langt ferre. Så langt i år har vi 21 på lista-. Soknepresten ser ikkje vekk frå at det kjem spørsmål frå fleire, men det kan bli vanskeleg å få til, i alle fall på laurdagar. Skulle det derimot dukke opp brudepar med lokal tilknyting, vil han strekke seg langt for å imøtekome ønskjer.
I Sunnylven kyrkje skal Svein Runde ”smi” saman 9 brudepar, sju av dei med lokal tilknyting til kyrkja.
I Geiranger kyrkje blir det 12 vigsler, og dei kjem frå mange kantar av landet, Skien, Oslo, Tomrefjord, Ålesund, Sandefjord reknar Runde opp frå avtaleboka.

Nye neste år
Og det gjeld om å vere tidleg ute for dei som vil nytte dei flotte kyrkjene i Sunnylven og Geiranger. Til neste år har fire nye brudepar gjort avtale, fortel Svein Runde.
Også i ferien skal han gjere brud og brudgom ”til rette ektefolk”, både i Lofoten, Bergen og på Stranda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380