Mykje moro på grendakveld
Mange fekk med seg årets grendakveld på Sunnylven samfunnshus. I år var det ”Bygdarane” sin tur til å servere underhaldninga, og den høyrdest ut til å falle i smak.
Det vart mykje latter og applaus under det vel timelange programmet. ”Bygdarane” slo like godt til med å presentere ”Den store talentiaden”, der alle deltakarane kom frå Sunnylvsbygda.
Sjølv om publikum mora seg, slo ikkje innslaga serleg godt an hos det strenge dommarpanelet. Sjølv om det vart servert både gode visetekstar, sketsjar med kreative poeng, og seriøse innslag med både song og literært innhald, var det ein Basehopparen som stakk av med beste premie. Våghalsen i vingedrakt makta det kunststykket å overleve eit hopp frå Helsetkopen med landing på Hellesylt utan fallskjerm. Han landa mjukt i ålegraset i Korsbrekkefjøra, hevda revygjengen frå bygda.
220 betalande fekk med seg programmet med godt og gale frå daglegliv og politikk. Etterpå vart det servert spekemat før årets grendakveld vart fullført med dans til ut i dei små timar.