
Tysdag vart den nye ferjelemen på Hellesylt krana på plass. Arbeidet er i rute og ferdig til ferjeopning 1. mai.
Ferjelemen i galvanisert og sklisikkert materiale smatt på plass, alt klaffa som det skulle. Ikkje noko stor overrasking det, forsikra karane frå Vegsund Slip AS.
Ferjelemen på Hellesylt skrudde arbeidslaget i hop på staden etter at den kom i deler frå produsenten.
Jobben var slett ikkje den fyrste, rundt om på Sunnmøre har det blitt mange slike oppdrag etter kvart, fekk vi oss fortalt.
Etter planar frå Vegvesenet er den nye ferjelemen byggd ein meter lenger ut frå kai enn den gamle.
Skruing og sveisearbeid som stod igjen på tysdag, rekna dei med å avslutte torsdag.
Fredag morgon kl. 09.00 legg Bolsøy til kai på Hellesylt på fyrste tur denne turistsesongen.
