Premiefest for Sunnylvscupen

Matilde Tryggestad Forbord t.v., Nikoline Frøysa Hellebostad, Anna Storstein Forbord og Hanne Kjellstad kunne ta med heim kvar si gullmedalje frå premiefesten tysdag.

Matilde Tryggestad Forbord t.v., Nikoline Frøysa Hellebostad, Anna Storstein Forbord og Hanne Kjellstad kunne ta med heim kvar si gullmedalje frå premiefesten tysdag.

Heile 86 skitalent mottok tysdag i påskeveka sine blanke gullmedaljer for deltaking i tre eller fleire renn i Sunnylvscup på ski. Oppslutninga var rekord i vinter.

Tysdag i påskeveka inviterte skigruppa til påskebingo og utdeling av premiar. Over 200 personar møtet på Sunnylven samfunnshus, så arrangøren måtte fram med ekstra bord og stolar for å gje plass til alle.

Frå bingospelet gjekk nok dei fleste skuffa heim, men ikkje dei 86 som hadde gjort seg fortent til premie i skicupen. Alle fekk sine gullmedaljer utdelt av representantar frå skigruppa i Sunnylven IL, og deretter var det fotografering og velfortjent applaus.

Frå januar til mars arrangerte skigruppa seks renn som gjekk både i fri teknikk og klassisk stil. Deltakinga var rekordstor, og alle med tre renn eller fleire vart premiert.
Sunnylvscup på ski har blitt ei massemønstring for unge og eldre, både i langrennsløypene i Hyttehola og under premiefesten i påskeveka.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380