Lokalnytt

Skifter ferjelem på Hellesylt.

Den gamle ferjelemen blir heisa bort. Ny ligg ferdig montert til venstre.
Den gamle ferjelemen blir heisa bort. Ny ligg ferdig montert til venstre.

Den gamle ferjelemen på Hellesylt vart heisa bort for å gje plass til ein ny. Den nye blir klar til bruk i god tid før 1. mai.

Det er Vegsund Slip AS som utfører arbeidet med fornying av ferjelemen på Hellesylt. Den gamle har gått ut på dato, sa Arne Hoem frå Vegkontoret, Molde. På Hellesylt kunne han konstatere at alt gjekk som planlagt med å heise bort den gamle ferjelemen med jarnmaster og tredekke. Den skulle køyrast til Molde under politieskorte for kondemnering. Det gamle jarnet skal gjere nytte som spikar heretter, sa Hoem.

Ferjelemen som køyrety og turistar skal nytte frå 1. mai er produsert i Øysand i Sør-Trøndelag. Den er laga i rustfritt og sklisikkert materiale, og kom til Hellesylt i deler som Vegsund Slip AS har montert i hop. Når nye landfeste er støypt, blir den heist på plass, truleg i midten av neste veke. I alle fall i god tid før 1. mai når turistferja Bolsøy kjem i rute mellom Hellesylt og Geiranger igjen, lova Arne Hoem.
Måla på den nye ferjelemen er som på den gamle, så turistferjene Bolsøy og Veøy er dei største som kan legge til.
Arbeidet er berekna å koste ein stad mellom 1.0 og 1.5 mill. kroner, sa Hoem.

Ferjelemen blei lasta opp og transportert til Molde, med politieskorte.
Ferjelemen blei lasta opp og transportert til Molde, med politieskorte.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380