Skreiv stil til toppkarakter.
Karoline Aaland frå Hellesylt har motteke Fridthiov Oos`legat for maalsaken, ein høgthengande pris for beste hovedstil på nynorsk til eksamen ved vidaregåande skule. Stilen fekk toppkarakter seks.
«Gjer greie for korleis film og/eller litteratur i nyare tid nyttar trekk frå folkeeventyra, og vurdèr kva funksjonar slike «moderne eventyr» kan ha”, var oppgåva Karoline Aaland svara på og fekk toppkarakter seks for.
I januar kom det brev frå Det norske Samlaget der dei bekrefta at hovedstilen til Karoline var ein av fleire som juryen hadde inne til vurdering. Og bedømminga gjekk heilt til topps for Karoline Aaland frå Hellesylt og to andre, Steinar Daltveit frå Bergen katedralskole og Henry Røyset Almedal frå Ullstein v.g.skole.
Forførande
-Å lese hovudstil som har fått beste karakter, er som å finne mandelen i kvar einaste munnfull. Likevel er det ein forskjel mellom dei beste og dei aller beste. Litteratur kan som kjent forføre lesaren, og juryen er utan tvil blitt forført av dei tre prisvinnarane, dei aller beste forførarane av dei omlag 30 stilane som i fjor fekk karakter 6 i nynorsk hovudstil, sa prisutdelar Svenn Fosseng, tidlegare forlagssjef i Det norske Samlaget.
Grunngjeving
Om Karoline sin stil uttala juryen med mellom andre kulturjournalist Marta Nordheim som medlem:
-Karoline har treft blink på oppgåva i den forstand at ho verkeleg har skrive ein artikkel. Ho har eit stort talent for å skrive konsentrert, fritt for utanomsnakk, ein av dei beste eigenskapane ein artikkelforfattar kan ha. Framstillinga er analytisk og klart strukturert… Stilistisk er ho elegant og sikker, ein god skribent-.
24. april var Karoline Aaland i Oslo og mottok prisen, 5000,- kroner og tre bøker, mellom anna Snorre- sagaen og Frode Grytten si novellesamling.