Lokalnytt

Spanderte nye kvilebenkar lags Flofjellvegen

Benkane er på plass ved Nedstevatnet kan Kristi og Kristen konstatere.
Benkane er på plass ved Nedstevatnet kan Kristi og Kristen konstatere.

Kristi og Kristen O. Ringdal går ofte tur frå Vollset etter Flofjellvegen. I påska såg dei at fleire kvilebenkar hadde sett sine beste dagar. No har dei spandert nye.

Fyrste påskedag var Kristen O. Ringdal og familien på tur til Nedstevatnet. Ved trimposten rasta dei på ein steinbenk som er mura opp, trebenken hadde ramla saman i løpet av vinteren.

Gav tre nye benkar
-Vi møtte ein av grunneigarane og det kom på snakk om å anskaffe nye benkar, fortel Kristen. -Dei hadde tenkt å søkje kommunen og næringsavdelinga om tilskot til å få lage nye.
Men etter eit par dagar bestemte eg meg for å spandere tre nye benkar og gav ein av grunneigarane beskjed om det. Eit tilbod dei sjølvsagt tok i mot.
Vi kjøpte inn impregnert plank frå ei lokal forretning og handtverkaren vår på Ole Ringdal AS saga og skrudde i hop tre nye bord. Det var gjort i løpet av tre dagar. No står dei her langs etter Nedstevatnet for den som vil raste på ein fin trimtur-.

Om det er Flofjellets Venner, trimgruppa i Sunnylven IL eller grunneigarane på Vollset som har fått den rause gåva er ikkje Kristi og Kristen opptekne av. Å få fjerna dei gamle som var ubrukeleg og estetisk forurensande og samstundes få nye på plass var det viktige. Flofjellvegen er ei av få trimruter også småbarnsforeldre med barnevogn kan gå, seier dei.

Flofjellvegen er ein flott trimtur og snøfri til Stigholen alt.

Flofjellvegen er ein flott trimtur og snøfri til Stigholen alt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380