Sunnylven sau og geit beste faglag

Leiar i Sunnylven sau og geit, Astrid Tronstad Dyrkorn med prisen for beste lokallag, eit stort, rosemåla fat.

Leiar i Sunnylven sau og geit, Astrid Tronstad Dyrkorn med prisen for beste lokallag, eit stort, rosemåla fat.

På årsmøtet til Møre og Romsdal sau og geitavlslag vart Sunnylven sau og geit tildelt utmerking som beste lokallag i fylket. Prisen var eit rosemåla fat.

Det var leiar Astrid Tronstad Dyrkorn som kunne motta den flotte gåva til laget. Ho var utsending til årssamlinga i Kristiansund saman med Per Kjell Leite og Kjell Arne Dyrkorn.

Sunnylven sau og geit har mange medlemar og var aktiv på mange felt i 2008. Laget sende uttale om bandtvang for hundar i Stranda kommune der dei støtta forslaget om bandtvang i perioden 1. april til 31. oktober. Etter vedtak i kommunestyret, tredde påbudet i kraft frå 1. januar 2009.
Gjennom forhandlingar med Ole Ringdal a/s vart pristillegget for sau- og lammekjøt auka i perioden 1. september til 30. november, og innført i 2008. Også kostnader med dei nye elektroniske øyremerka for småfe vart støtta økonomiske av slakteribedrifta på Hellesylt.

Sunnylven sau og geit har 34 medlemer som til saman har 1208 vinterfora sau og 726 årsgeiter. Laget betalte ut skotpremie på ti revar i 2008, fem mindre enn året før.

Styret i Sunnylven sau og geit.

Astrid Tronstad Dyrkorn, leiar
Marit Hellebostad, nestleiar
Per Kjell Leite, kasserar
Inge Røyrhus, sekretær
Per Ottar Alme, styremedlem
1. varamedlem, Svein Rusten.

Astrid Tronstad Dyrkorn er direktevald geitrepresentant i representantskapen til Norsk sau og geit.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380