Lokalnytt

Sunnylven skule har fått ”hinderløype”.

Ved Sunnylven skule er nye apparat for uteaktivitetar kome på plass. Laurdag hadde foreldre dugnad med montering av ei heilt ny ”hinderløype”.

Det er Sunnylven skule som har gjort innkjøpet for oppsparte middlar. Monteringsarbeidet tok FAU på seg på dugnad, eit arbeid som har drege ut då reguleringsplan og disponibelt areal for skulen ikkje har vore avlart før nyleg.

Etter skisse frå elevane sjølve har eit spanande klatrestativ blitt utforma i samråde med leveradøren. Laurdag vart det grave, skrua og støypt, og dermed kom det heile på plass etter innsats av fleire foreldre. Nysteikte vafler, kaffi og brus var løn til den driftige dugnasgjengen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380