Ungdomar fekk nyttig orientering

Kring 20 unge møtte då ungdomsklubben Verkstedet og Hellesylt Vekst arrangerte ungdomskveld på Sunnylven samfunnshus måndag i påskeveka.
Dette var fyrste ungdomskvelden på Hellesylt på mange år, og med eit variert program. Mellom anna vart det orientert grundig om krav til utdanning og moglegheiter for jobb innafor fleire yrke.
Ass. dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal ved Ringdal a/s på Hellesylt, fortalde om bedrifta og krav til utdanning og jobbmulegheiter innafor næringsmiddelindustri. I Stranda er rundt 600 arbeidsplassar knytta til slik verksemd.
Dir. Terje Devold frå 62º Nord snakka om turisme, om bedrifta han representerte, og utdanning som var viktig om ein ynskte å satse innan reiseliv.
Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal orienterte om tenester som kommunen gjennom hoppid.no kan tilby. Han oppmoda alle som hadde planar eller ein ide om å starte verksemd om å ta kontakt.
Etter mykje lærerikt, fagleg påfyll, vart det servering av Taco, og ut over kvelden spela trubadurane Sondre og Erik frå Ålesund opp til diskotek.
Arrangøren hadde invitert ungdom frå Hjørundfjord til Hellesylt denne kvelden. Diverre kunne ingen kome då det kolliderte med aktivitetar i eiga heimbygd, vart det sagt.