Uventa påskebesøk

  • april-18-2009
  • april-19-2009
  • april-20-2009

Fyrste påskedag dukka eit høgst uventa påskebesøk opp på Storstein. Inne i ein kjellar flaug ei kattugle rundt og ville ut.

Foto: Gunnar Sårheim Fivelstad

Den flotte og noko forskræmde fuglen hadde ramla ned skorsteinen. Når fyrst uhellet var ute, var det i alle fall rette pipa den ramla ned. I kjellaren var røykrøret til ei grue framleis ope, og der hadde den kome ut i rommet.
Kva som hende før det veit ingen. Kanskje har fuglen ”teke kvelden” på toppen av skorsteinen i pipebeslaget, for deretter å falle i søvn og ramle i avgrunnen??

Kattugla søkte friheit mot vindauga i kjellaren, men utan nytte. Fuglen fekk etter kvart hjelp, og utan stor dramatikk vart den fanga og frakta ut kjellardøra.
Etter litt fotografering vart det friheit og ny flygetur, ei luftreis som nesten enda i kollisjon med hjørnet på låven.
Om kattugla kjem igjen får tida vise. Røykrøret til grua stå ope inn til vidare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380